Om Betania

Bedehuset BetaniaBedehuset Betania ligg på Lone i Arna bydel I Bergen. På internettsidene våre kan du finna informasjon om alt det som går føre seg i bedehuset vårt.

I over hundre år har Haukeland indremisjon drive sitt arbeid. Størstedelen av denne tida har arbeidet vore konsentrert om bedehuset Betania, som stod ferdig i 1930. Her har unge og eldre samlast om Guds ord i kvardag og helg. I dag føregår det eit omfattande arbeid, og mest kvar dag i veka er Betania samlingsstad for ymse aktivitetar.

Søndagen er den viktigaste samlingsdagen, med møte anten føremiddag, ettermiddag eller kveld. Som ein del av søndagssamlingane kl. 1100 har borna sitt eige opplegg, der dei samlast om ymse aktivitetar i Jungelgjengen. Måndag har barnekoret øving. Tysdag er møtedag for yngstes/yngres, for born som går i 2. – 7. klasse. Fredag er det annankvar veke Minicafé (5. – 7. klasse) og dei andre vekene Fredagskafé (frå 8. klasse). I slutten av veka er det laurdagssamling som regel ein gong i månaden.