Lover for Haukeland Indremisjon sitt bedehus ”Betania”

Vedtekne 8. august 1922, brigda 19. januar 1967

§1

Haukelands Indremisjon er eigar av bedehuset ”Betania”. Verksemda i huset skal vera i samsvar med Guds ord og den evanglisk-lutherske vedkjenning.

§2

Haukelands indremisjon har til kvar tid førsteretten til å bruka huset. Dersom det ikkje er til hindring for deira arbeid, kan huset brukast til anna arbeid i Guds rike, dersom det ikkje kjem i strid med §1.

§3

Dersom det ikkje kjem i vegen for arbeidet som er nemnt i §2, kan huset og nyttast til møte for allmenn-nyttige føremål (gjeremål). Desse møta må likevel ikkje koma i strid med Guds ord og sann kristen moral.

§4

Styret for Haukelands Indremisjon skal og vera styre for bedehuset, og er såleis ansvarleg for at husets vert brukt etter desse reglar. Vidare har styret ansvar for økonomi, reinhald og vedlikehald av huset.

Styret kan overlata det daglege tilsyn med huset til eit hustilsyn på 3 medlemmer. Dette skal vera samansett slik: Ein styrelem av styret for Haukeland Indremisjon og to medlemer valde på årsmøtet.

Alle viktige saker må avgjerast i eit samla styre.

§5

Skulle arbeidet i Haukelands Indremisjon verta lagt ned, skal styret for Nordhordlands Indremisjon velja ein komite på 3 medlemer som skal styra huset etter desse reglar.

§6

Vert det skipa nytt indremisjonslag som er i samsvar med den gamle indremisjon, skal huset overtakast av det nye laget til eiga og bruk etter desse reglar.

§7

Forandring i desse reglar kan verta gjort på laget sitt årsmøte med 2/3 fleirtal av frammøtte medlemer.

Forslag om forandring må vera kome til styret minst 3 mnd. før årsmøtet. Forandringane må ikkje koma i strid med (den ånd og tanke som er kome til uttrykk i) § 1, 2 og 5.

 

Lover for Haukeland Indremisjon

Vedtekne på årsmøtet 13.03.1921, brigda januar 1964 og januar 1997

1. Haukelands indremisjonsforening tilhøyrer Nordhordland Indremisjon og har til føremål, på Guds ord og den Evangelisk-Lutherske vedkjennings grunn å vekkja og næra kristeleg liv.

2. Dette føremål søkjer ein å oppnå ved forkynning av Guds ord, ved hus- og sjukevitjing, broderleg samvær med bøn, samtale og liknande.

3. Medlem er kvar som melder seg inn og fører eit kristeleg liv, og støttar arbeidet med midlar. Vert noko medlem til forarging i liv eller lære, kan styret etter å ha tala med vedkomande, stryka medlemet or bøkene.

4. Styret er på 5 medlemer.
Formannen vert vald fyrst på årsmøtet, for eitt år om gongen. Av dei 4 –andre vert det vald 2 for 2 år om gongen, 3 varamenn vert valde for 1 år. Dei som går ut, kan attveljast.Årsmøtet vel ei valnemnd på 3 medlemer og 1 varamann. Medlemene skal veljast for 2 år, 1 medlem det ein året og 2 medlemer det neste. Valnemnda kjem med framlegg om kandidatar til dei val som skal gjerast på årsmøtet. Det vil i praksis oftast vera: Formann, styremedlemer, varamedlemer, revisorar, medlemer til bedehustilsynet og kandidatar til ny valnemnd. Så langt råd er, bør framlegget ha dobbelt tal kandidatar.

5. Brigde i desse lover kan verta gjort på årsmøtet med 2/3 fleirtal.
Framlegg til brigde må vera sendt styret minst 2 mnd. før årsmøtet og skal kunngjerast for medlemene 1 mnd. før årsmøtet.
Brigde må ikkje koma i strid med §§ 1 og 2.